|
||||||
|
Boktinging frå Norsk Bokreidingslag
|
Artikkel av Johannes Gjerdåker, Dag og Tid laurdag 14. desember 2002. Målmenn frå BergenNoko av det verdfulle ved boka om Krohn er at Krokvik så grundig fører oss inn i heile det samtidige miljøet, særleg i Bergen, men òg i andre byar og i andre landsdelar, skriv Johannes Gjerdåker. Jostein Krokvik:
|
|||||
![]() |
|
"Foreningen af 22. december 1845" på tur til Eksingedalen, i Nordhordland, sommaren 1858. Mange av desse mennene vart seinare medlemmer i "Namnlaus" og i Vestmannalaget. På bilete ser me Henrik Krohn som nummer åtte frå venstre. Andre på biletet er student, seinare lækjar, Jahn Prahl, bokbindar Fredrik Beyer, bokprentar og musikar Georg Grieg og kjøpmann Georg Wiese. |
Jostein Krokvik sin biografi om Henrik Krohn er nyst komen. Henrik Krohn (1826-1879) frå Bergen voks opp på garden Stend i Fana. Om han, meir enn dei fleste, kan ein seia at han sette heile sitt liv inn i arbeidet for målsaka, for norsk målreising. Men samtidig som han var idealist var han òg ein klok praktikar og realist, som før enn nokon annan såg at målsaka trong organisert samarbeid. Denne innsikta fylgde han opp med å få skipa Vestmannalaget i Bergen i januar 1868. Alt i tiåret føre dette hadde Krohn vore ei drivkraft i det meir uformelle laget «Namlaus» i Bergen, og han hadde i to år gjeve ut tidsskriftet Ferdamannen. Vestmannalaget kom i Krohn si tid til å få stor innverknad på miljøet i Bergen og vidare, med fast møteverksemd, føredragsrekkjer, utgjeving av tidsskriftet Fraa By og Bygd, målmedvite arbeid (som førde fram) for attereising av Håkonshallen. Laget arbeidde òg for å fremja samband og samarbeid millom Noreg og Island, og etter kvart vart ein veksande flokk islendingar medlemer i laget.
Krohn og felagane hans i Vestmannalaget kom frå gamle bergensslekter, millom dei var Hermann Friele, Georg Grieg, Johan Grieg, Jahn Prahl, Kristofer Janson, Edvard G. Johannessen, Joh. D. Beyer, Alex B. Grieg – Ole Bull (1810-1880) var noko eldre enn denne krinsen, men han var målmann og var med på møte når han kom til Bergen.
Den bergenske viljen til norsk målreising hadde synt seg alt i tidegare generasjonar med ideane og arbeidet til biskop J. Neumann (morfar til Kristofer Janson) og president Wilhelm F. K. Christie. I røynda går interessa for norrønt mål lengre attende i Bergens historie. Absalon Pedersøn Beyer var ikkje målgranskar, men han viser i skriftene sine at han var klår over samanhengen millom gamalnorsk og dei målføra han høyrde tala rundt seg. I denne tradisjonen voks òg Edvard Grieg opp.
Om nokon har vore ein god samarbeidsmann, var Henrik Krohn det. «Dannelsen udgaar fra Vestmannalaget» skreiv Bjørnstjerne Bjørnson, som vitja laget og var ein ven av Krohn frå slutten av 1850-åra; Bjørnson lét Krohn omsetja ei av sogene sine, «Ei faarleg Friing», til det nye norske målet. I røynda stod Henrik Krohn i levande kontakt og brevskifte med alle pionerane for norsk målreising. Som dei andre bergensmålmennene valde han heilt å fylgja Ivar Aasen i hans formverk og normering av skrifta. (Det er rett at Jan Prahl ei tid ville ha eit skriftmål som låg nærare det norrøne, men han òg kom med tida over til Aasen sine grunnsetningar). – Åsta Hansteen, A.O. Vinje, John Klæbo, Olav Høyem, Per Bø, Olav Lofthus stod alle i samband med Krohn, seinare òg Arne Garborg og Per Sivle.
Olaus Fjørtoft (1847-1878) ville, i den tida han gav ut bladet «Fram», byggja skriftspråket beinveges på talemålet i bygd og by. Han vende seg med harme og hån mot bergensmålmennene, slik han skriv om i «Frå By og Bygd», men i røynda var det Ivar Aasen sine prinsipp Fjørtoft gjekk i mot. Dette er den fyrste store biografien om Henrik Krohn. Det høyrer til det verdfulle ved boka at Krokvik så grundig fører oss inn i heile det samtidige miljøet, ikkje berre i Bergen, men òg i Oslo, i Trondheim, i Lom, Gausdal og Sogndal og andre stader der interessa for norsk målreising vakna i Krohn si samtid. Krokvik gjev òg innsyn i det som Henrik Krohn gav av episk, lyrisk og dramatisk dikting, av reiseskildringar og sakprosa. Den ytre livssoga til Krohn, familien og ættebakgrunnen, reisene hans, flyttinga hans til Sogndal og livet hans der i bygda er rikt avspegla i boka.
Jostein Krokvik gjev òg mykje av soga om korleis bergensmålmennene og Henrik Krohn har vore mottekne i ettertida, gjennom det 20. hundreåret til i dag. Halvdan Koht skreiv i boka si om Ivar Aasen (1913) at vestmennene fylgde «ein eldre, meir vestlandsk skrivemåte» enn Aasen. Til dette skriv Krokvik: «Dette er etter mitt skyn ikkje berre misvisande, men gale. Vestmennene justera målet sitt etter Aasen, til dømes gjekk dei i 1875 yver frå «dan, dat, dar» til «den, det, der» som Asen hadde valt til hovudform. Dei som førde Henrik Krohn sitt arbeid lenger fram, var menn som Nikolaus Gjelsvik, Lars Eskeland og Gustav Indrebø. Som kjent var deira syn halde utanfor då premissane vart lagde for målreforma i 1938, og ikkje i ettertida heller har deira syn vorte teke opp til drøfting i dei statlege målinstitusjonane.
Ei vulgærmarxistisk vurdering av Henrik Krohn og vestmennene si gjerning finn ein døme på i Stephen J. Walton si bok Ivar Aasens kropp» (1996), s. 551: «Dei idealistiske besteborgarane i Vestmannalaget danna ein naturleg motpol til Fjørtofts rabulistar. Alvorlege sosiale og politiske måsetjingar med målarbeidet hadde dei knapt. Det patetiske i den sosiale visjonen deira vert greitt oppsummert i figuren Henrik Krohn, han som ville bli fruktbonde i Sogn og omvenda allmugen til det rette høgnorske nasjonale synet, og som alt gjekk gale for». Alt tyder på at dei som dreiv gjennom det statlege målbrigdet i 1938 ikkje ville vita av Krohn og dei som stod på hans side. Men tida har gått, og det er mange fleire i dag enn for 20 år sidan som skjønar, eller anar, kor verdfull innsatsen til Krohn var.