|
||||||
|
Boktinging frå Norsk Bokreidingslag
|
Artikkel av Jan Landro, Bergens Tidende 20.11.2002. Eit brennande hjarta"Det er landet og soga som kallar." Når vestmenn og andre høgtidar hundreårsminnet for CONRAD CLAUSEN, kunne dei knapt funne ein meir råkande tittel på minneskriftet. 21. november er det hundre år sidan skulemannen, redaktøren, forfattaren, sogemannen, fredsaktivisten, kulturspreiaren, folkeopplysaren, organisasjonsmannen, målmannen, folketalaren, forteljaren, kjøkemeistaren, livskunstnaren m.m. Conrad Gudrow Clausen såg dagsens ljos i Tacoma, Washington. Når minnet hans i desse dagar vert heidra på ymse vis, er det eit uvanleg mangslunge livsverk som på ny stig fram. Ludvig Jerdal tek ikkje munnen for full når han i minneskriftet omtalar Clausen som "ein kulturinstitusjon", og ikkje berre for Askøy - der han levde og verka det meste av tida. Han såg vidt og femnde vidt, men om dei nasjonale tonane fann ein særleg resonansbotn i han, var det nasjonalistiske heilt framand for den kvithåra humanisten og internasjonalisten. Auka lokalhistorisk medvit"Vi skal byggja vår kultur på det som er norsk, men samstundes ha utsyn til kulturformer i andre land," sa Clausen ved meir enn eitt høve.
Sjølv trekte han fram diktarar og åndsmenneske frå andre språkområde og kulturar og var heile livet vidopen for impulsar utanfrå. Det enorme arbeidet han la ned i Norges Fredslag har likeins perspektiv langt utover det heimlege og det nasjonale. Men alle lyt feia for eiga dør, difor reiste Clausen i nokre mellomkrigsår kring land og strand med foredrag og antikrigsfilmen "Krigens sanne ansikt". Og etter krigen tok han på seg formannsvervet i Fredslaget i 25 år - for så å verta rådspresident dei neste femten. Var det noko Clausen mislika sterkt, så måtte det vera at folk kjende seg som mindremenn på grunn av dei heimlege kulturtradisjonane. Auka lokalhistorisk medvit kunne bøta på slikt, meinte han. Lokal soge hadde alt oppteke han i mange år og resultert i ei rad større og mindre artiklar då Clausen i 1950 tok til i det som skulle verta ein 34-årig formannsperiode i Nord- og Midhordland Sogelag. På den tida låg mest alt sogelagsarbeidet nede i bygdene nord for Bergen, men han arbeidde målmedvite for å betra stoda og oppnådde overlag gode resultat. I 42 år var han òg skriftstyrar for og trottig bidragsytar til årboka "Frå Fjon til Fusa". Lønlaust, sjølvsagt, som det meste Conrad Clausen tok på seg på fritida. RedaktørenHan stod ikkje åleine, men ingen einskildperson fortener meir ære for at Håkonarminnet vart reist på Seim i 1961 enn Conrad Clausen. Andre minnesmerke har han likeins lagt fundament til: Arne Bjørndal-monumentet i Hosanger, Ragnvald Vaage-minnesmerket i Kvinnherad, Nygardsteinen i Modalen og minnesteinen over botanikaren Olaf Hanssen i Os. Med lang frilansrøynsle frå Bergens Arbeiderblad og mange år som bokmeldar i BT og Gula Tidend, var Clausen eit naturleg redaktørval då gode krefter på Askøy rett etter krigen meinte at kommunen måtte ha si eiga avis. På bladstyrarkrakken for Askøy Tidend sat han i 28 år, det gav han endå eit høve til å arbeida for folkeopplysingstanken. Det viktigaste ei bygdeavis kan gjera, meinte Clausen, er å tena dei positive kreftene i lokalsamfunnet. Men, som Anders Bjarne Fossen nemner i minneskriftet, måtte bladstyraren ender og då tola angrep. Ikkje berre av di avisa i altfor stor grad dyrka levemåten, skikkane og tradisjonane som høyrde det gamle Askøy til, men òg av di Clausens "forkjærlighet for norrøn historie og Vesterhavsøyene med Island i spissen, undertiden preget avisen mer enn hjemlige hendelser i samtiden". MålstrevarenMålstrevet gjorde Conrad Clausen tidleg til sitt. Han var mellom skiparane av Askøy mållag og hadde ein, til han å vera, stutt formannsbolk der. Men gjennom mange år gjorde han ein stor innsats i Vestmannalaget og Norrønalaget Bragr. Og i alt han skreiv var Clausen ein språkmedviten målbrukar som klangfullt og frodig fekk orda til å stiga fram i ein levande, stundom poetisk tone. Versonen, dagbladjournalisten og forfattaren Fredrik Wandrup, gjev Conrad Clausen eit vakkert ettermæle der han i minneskriftet fortel korleis verfaren "virket inspirerende med hele sin livsholdning; denne kombinasjonen av journalistisk årvåkenhet, universell kunnskapstørst og ukuelig livsglede. Han var en gnistrende dynamo, midt i den kraftstasjonen av kulturelle impulser han hadde forvandlet hjemmet sitt til." |
|||||
|
Tilrettelagt av Norsk Bokreidingslag i samarbeid med Bodoni Hus
|
||||||