|
Boktinging frå Norsk Bokreidingslag
|
Norsk BokreidingslagBokreidsla hev gamal tradisjon i Vestmannalaget. Og etter som rettskrivingsstriden kveste seg til i 1920- og 1930-åri vart det i laget tala um å finna rådgjerder so at det framleis kunde koma bøker på tradisjonell og klassisk nynorsk. I 1938 sette Vestmannalaget i gang ei innsamling til eit "driftsfond for bokutgjeving". Og på eit målmannsmøte som laget skipa saman med Vestlandske Mållag, i Bergen 28. desember 1938, vart stjorni i Vestmannalaget, saman med Severin Eskeland, Tjodvald Gjelsvik og Sverre Tveito, valde til å fyrebu skipingi av Norsk Bokreidingslag L/L, som namnet vart. Bokreidingslaget skulde hævda og halda uppe tradisjonen frå Ivar Aasen i dei bøkene laget gjev ut. Vestmannalaget skøytte inn i laget dei pengane som var komne inn i landsinnsamlingi, og tok sjølv mange luter. Bokutgjevingi kom i gang alt fyrste året Bokreidingslaget var skipa. Høgsterettsadvokakt Tjdvald Gjelsvik var formann frå skipingi i 1939 og til han fall frå i 1961. Deretter styrde sonen, høgsterettsadvokat Ivar Gjelsvik, med laget til dess prost Alv Askeland, Tysnes vart formann i 1972. Tilbod i mars og april 2004Bodil Cappelen og Alexander SeippelBilete og tekstar frå Det gamle testamentet. Kunstbok med fyreord av Olav H. Hauge. Før kr. 195,- no kr. 50,- Haldor O. OpedalHardingar på sjøen Før kr. 290,- no kr. 100,- Nye bøker:Og ordet vart nynorsk | Denne boka gjev ei skildring av korleis nynorsken vart grunnlagt som religiøst mål og teken i bruk i bibeltekstene. Det er ei interessant utvikling som lesarane kan fylgja gjennom dei bortimot 150 åra med bibelomsetjing til nynorsk. Mange namn og tekster vert presenterte, og gjer det tydeleg at arbeidet med bibelmålet har vore ei viktig sak. Ei liste over alle bibelomsetjingar til nynorsk og korte biografiar over omsetjarane gjev fullt oversyn over området. Nynorsk bibelomsetjing er hovudemnet i boka, men ei innføring i bibelomsetjinga i dei nordiske landa høyrer òg med. Forfattaren, Jarle Bondevik, er professor ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen. Han har tidlegare teke dr.philos.-graden på ei avhandling om nynorsk bibelmål. Boka inneheld bilete av målarstykke med religiøse motiv av biletkunstnar Bjørg Hausle Bondevik. I band kr. 290,-
|
Viljande tankar | Viljande tankar er ei ny diktsamling av Martin Votlo, ein verbal symfoni med skjemt og ålvor, med sogesus og kvardagsliv, med barndomsminne, vare naturstemningar og undrande sjølvransaking. Hefta kr. 112,-
|
Det er landet og soga som kallar. Minneskrift Conrad Clausen | Idealisten Conrad Clausen gjorde ein eineståande innsats for norskdom, norsk kultur og samfund gjennom eit langt liv. 21. november 2002 var det 100 år sidan han vart fødd i Tacoma på den amerikanske vestkysten. Denne jubileumsboki syner oss noko av mangfaldet i arbeidet til den heilhuga kulturbyggjaren frå Askøy: som fredsarbeidar (formann i Norges Fredslag i ein mannsalder), lokalhistorikar (redaktør av sogelagsskriftet Frå Fjon til Fusa ein 30 års bolk), bladmann (redaktør av Askøy Tidend i 28 år), umtykt skribent og kåsør i aviser og kringkasting frå sist på 1920-talet til 1990. I ein innleiande bolk vert mannen og verket skildra av Anders Bjarne Fossen, Fredrik Wandrup, Jakob Skarstein, Ludvig Jerdal, Magnús H. Gíslason, Alv Askeland, Eigil Lehmann og Olav Lavik. På ulikt vis syner dei oss den makelause innsatsen Conrad Clausen gjorde for kulturlivet - både lokalt på Askøy, i Hordaland og vidare utetter - ikkje minst i fredsarbeidet og gjennom hopehavet med frendefolk på Island og dei andre øyane vest i havet. Ruvande kulturinstitusjon, venesæl samarbeidsmann, bibliofil livskunstnar, ordhag talsmann, ihuga forminnevernar er berre nokre av honnørordi som vert nytta for å gjeva oss ein tokke av alt det denne fagnamannen stod for. Hefta kr. 218,- Jan H. Landro skreiv um Conrad Clausen i Bergens Tidende 20.11.2002. Les artikkelen her.
|
Henrik Krohn - Vestmannalagsreisaren og målreisaren | Grunnleggjaren av eldste mållaget i landet, Henrik Krohn (1826-1879), var ein venekjær og offerviljug mann. Han skipa Vestmannalaget i 1868 og var fyrste formann. Um han nok var fredsæl, vart han i si tid hovdingen for målreising og nasjonalt arbeid på Vestlandet og vidare utetter. Han var fødd i Bergen, og i skilsetjande barndomsdager budde han på Stend, der han fekk livsvarande kjærleik til bondefolket. Sidan dreiv han handel i Bergen, til han i eit av kriseåri laut leggja ned handelen. So vart han fyrstikkfabrikant og fruktbonde på Stedje i Sogndal. Men hovudgjerningi i livet frå unge år til han døydde, var atterreisingi av eit norsk skriftmål på norrøn grunn og etter Ivar Aasens mynster. Krohn dreiv Ferdamannen, fyrste målbladet i landet etter Dølen. Sidan var han mannen bak Fraa By og Bygd, den stolte og einslege målskrifti som kom samanhengande gjenom heile 1870-talet, eit flokut tiår for målreising. Henrik Krohn var skald. Han gav m.a. ut ei diktsamling, forteljande diktbøker, ferdaskildringi hans "Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland" med upphavstekst og god lesarpågang. Krohn var godven med store kulturpersonar i samtidi. Som Ivar Aasen, Arne Garborg, Aasmund Olavsson Vinje, Kristoffer Jansen, Aasta Hansteen, Nikka Vonen, Steinar Schjøtt, Bjørnstjerne Bjørnson og mange fleire. han er umskriven i talrike artiklar, men dette er fyrste livsskildringi av Henrik Krohn i bok. I band kr. 318,- Johannes Gjerdåker skreiv um boki i Dag og Tid laurdag 14. desember 2002. Les bokmeldingi her.
|
A8 - Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen | Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen er ei rikhaldig utgåve av språkleg tilfang som Ivar Aasen samla frå 1862 og til tidleg i 1880-åra. Det aller meste er leksikalsk tilfang som han skreiv opp på dei seks reisene han gjorde i desse åra, den siste til Stavanger seinsumaren 1883. Aasen samla òg ord frå informantar frå bygdene som vitja Oslo eller var busette der, og han skreiv opp frå skriftlege kjelder. Soleis er ord frå alle landsluter komne med i denne boka. Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen er utgjeven av professorane Jarle Bondevik og Oddvar Nes, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og fyrsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda. IVAR AASEN-SELSKAPET har i hovudsak til oppgåve å gjeva ut uprenta manuskript etter Ivar Aasen. Selskapet gjev ut to seriar, Serie A, Tekster, og Serie B, Kommentarar og studiar. Hefta kr. 250,-
|
Tillegg II til SULDALSMÅLET av Sigurd Sandvik | Som tittelen seier, er dette eit nytt tillegg til Suldalsmålet. Dei to bøkene som er kome før, har ordlister på til saman 8.300 ord. Dette tillegget har 1.700 ord. Til saman vert då dette 10.000 ord. Med dette reknar eg då verket om Suldalsmålet fullført frå mi side. Heile tidi har eg sendt ordtekstar til Norsk Målførearkiv Styraren på Målførearkivet, Arve Borg, skriv: "Eg er full av undring over kor mykje du får gjort. Dette arbeidet ditt og bøkene dine er ei gullgruve for oss i Målførearkivet og elles for alle som arbeider med norsk mål" Eg vonar då at suldøler, både heimeverande og utflytte, vil finna hugnad i arbeidet mitt. Alle tri bøkene er å få i bokhandelen. Hefta kr. 100,-
|
|